Startside
| På Yrineset ved Oldevatnet har vertskapet Dagrun og Svein Yri bygt opp eit fantastisk opplevingsområde, basert på nærleiken til vatnet og naturen rundt. Yrineset kan ta imot grupper opp til 100 personar for servering og aktivitetar. Vertskapet hjelper til med å skaffe matservering og underholdning etter ynskje. Mat og opphald på Yrineset må bestillast på førehand. Yrineset kan tilby avkopling frå stress og ei god naturoppleving. Ved bålet kan du nyte ekte bålkaffi til fuglesong og fossedur. Ved Yrielva kan vi kaste med not, ein underhaldande fiskeaktivitet som tek ca 20 minutt. På grillområdet kan fangsten tilberedast og bli servert. Eigen kaiplass til båten som trafikkerar på Oldevatnet. Frå Yrineset kan ein ta spaserturen opp til dei gamle setrane på Yri og nyte den fine utsikta over Oldedalen frå sætrevollen. |
|
| Kontakt: |
|
YRINESET NO-6791 Oldedalen Tel. +47 90 01 00 10 Mob. +47 90 01 00 18 post@yrineset.no |



Siste kommentarer